Stormar vidare med utespelar i mål

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

EKEBERGSLETTA: Bremanger sitt gutelag er på full fart vidare i Norway Cup. Måndag sikra dei seg siger nummer to mot sjølvaste Ham-Kam. Og det med ein utespelar i mål.

DEL

I fjor sikra Bremanger seg bronsemedalje i Norway Cup sin guteklasse for sjuarlag. I år har dei håp om å komme langt igjen. Men dei må klare seg utan sin faste keeper. Han er på ferie, og difor må utespelarane sjølve trø til. I opningskampen var det Thomas Hauge som leverte ein solid kamp mellom stengene. I går var det Jørgen Ferstad sin tur.

– Eg har berre stått i mål i ein kamp tidlegare, så du kan trygt seie at det er uvant. Eg likar meg best som utespelar, smiler Jørgen.

Men i går var det ikkje bøn. Midtbanespelaren gløymde att knotteskoa på skulen, og på det sleipe underlaget var det difor han som måtte ta på seg keeperhanskane til oppgjeret mot Tippeliga-klubben Ham-Kam sine gutar.

– Eg føler det gjekk greitt, og er svært nøgd med å halde nullen. Vi vann 1-0 og har fått ein god start på turneringa. Vi har eit lite håp om å kunne kopiere det vi klarte i fjor, men vi har mista eit par spelarar frå den gongen, så det kan bli tøft. Men vi håpar å komme langt, seier den ferske målvakta som var med på bronselaget i fjor.

På opningsdagen søndag vann Bremanger 3-1 over Hareid, og med gårsdagens siger over Ham-Kam er laget komne inn i ein fin Norway Cup-stim. Men skulle det skjere seg i sluttspelet, tek ikkje Jørgen det så tungt. Han har nemleg planar om å få med seg andre ting enn berre fotball på Ekebergsletta. Som for eksempel damene.

– He-he. Det er damene som er det beste med heile turneringa. Og det er ein heil del av dei her, gliser målvakta.

I jenteklassen er Bremanger sitt lag på full fart vidare til a-sluttspelet. I opningskampen spelte dei 1-1 mot Saltdalskameratene, mens i går vann dei med solide 5-0 mot Haugsbygd. 14-årslaget til Bremanger spelte 1-1 i sin første kamp i Norway Cup.

Smågutane til Svelgen tapte stort i turneringspremieren mot Kongsberg på søndag. 0-7 stod det då kampen var ferdigspelt. Søndag tapte jentelaget til Svelgen 8-0 mot Brattvåg, men i går blei det langt jamnare då dei møtte Enebakk. Men det vart likevel eit knipent 3-4-tap for svelgenjentene.

Artikkeltags