Tusenvis utan straum

Artikkelen er over 1 år gammel

Restane av uvêret «Helena» veltar inn over fylket onsdag kveld. Like etter klokka 22 er 1400 av Sunnfjord Energi sine kundar utan straum.

DEL

Klokka 22.00 er 1400 av Sunnfjord Energi sine kundar utan straum. Det skriv Firda.

Klokka 21.30 gjeld det 298 av Sunnfjord Energi sine kundar i Førde-området. På andre sida av Førdefjorden, frå Frammarsvika og mot Naustdal sentrum er 311 husstandar utan straum. Like før klokka 22 blei det meldt at også 484 kundar i Naustedalen manglar straum.

I tillegg er 84 kundar utan straum mellom Sætenes og Sagevik, melder Sunnfjord Energi. I Solund er 12 husstandar straumlause.

Ifølge BKK sine nettsider klokka 21.45 er 11.460 husstandar i Sogn og Fjordane og Hordaland utan straum. Klokka 21.45 gjaldt det 933 av BKK sine kundar i Sogn og Fjordane. I Gulen er 875 husstandar straumlause, og i Bjordal melder 58.

Klokka 21.44 melder SFE at Nordstranda i Gloppen er utan straum.

Artikkeltags