Her får du oversikta: Ras, trekvelving og straumbrot; slik pregar «Helena» fylket vårt.

DEL

Restane av den tropiske stormen «Helena» har så definitivt sett sitt preg på Sogn og Fjordane onsdag kveld. Einskilde stader er det meldt om orkan i kasta natt til torsdag.

Klokka 21.00 i kveld melder Firda om at eit tre har blåse ned over ein bil ved Myrane i Fjaler, 300 til 400 meter sør for Flekke sentrum. Ein person skal vere skadd, melder politiet. Skadeomfanget er ukjend. Og like før klokka 22.00 skal ein bil ha køyrd inn i eit tre i same området.

Like etter klokka 22.00 melder Firda at 1400 av Sunnfjord Energi sine kundar er utan straum. Klokka 21.30 gjeld det 298 av Sunnfjord Energi sine kundar i Førde-området. På andre sida av Førdefjorden, frå Frammarsvika og mot Naustdal sentrum er 311 husstandar utan straum. Like før klokka 22 blei det meldt at også 484 kundar i Naustedalen manglar straum.

Klokka 22.30 melder Vest politidistrikt til Firda at det har gått fleire ras på fylkesveg 609 i Askvoll. Fleire bilar er sperra inne. Ingen bilar er tekne av raset, og ingen er skadde, men fleire bilar er sperra inne mellom rasa. Like før klokka 22.30 var det starta med evakuering på staden. Omfanget er ukjent, melder politiet. Rasa har gått ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Klokka 22.42: Fleire store tre skal ha kvelva over riksvegen mellom Førde og Eikefjord. Det melder NRK Sogn og Fjordane klokka 22.42.

Klokka 23.14: Askvoll kommune vart sett i kriseberedskap etter at fleire ras stengde fylkesveg 609. Kommunen styrka legevakta, og Helse Førde sette inn ein ekstra balanse melder NRK Sogn og Fjordane.

Klokka 23.42: Tore Morten Mettenes blei sperra inne mellom to ras i Askvoll. – Eg høyrde eit lite brak mens eg stod der. Det kom ned eit heilt tre med røter, og ein del jord. Det kom også ein del småstein over bilen. Det var heilt umogleg å køyre tilbake, seier han til Firda.

Klokka 23.45: NRK Sogn og Fjordane får inn eit tips om at det ligg eit gjerde i vegbana i gate 1 i Måløy.

Klokka 00.04: BKK har store problem melder NRK. 10.000 av deira kundar i Hordaland og Sogn og Fjordane er råka. Det er snakk om tre som har falle over linjenettet seier konserndirektør for kommunikasjon Tonny Nundal. Over 700 av dei er i Gulen, over 50 i Høyanger. Sunnfjord Energi hadde på dette tidspunktet 750 kundar utan straum i Solund, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Førde og Naustdal.

Klokka 00.52: Firda skriv om Magnus Solvåg som måtte la bilen stå igjen i raset i Askvoll. – Eg vart ikkje direkte redd, men det er ikkje nokon kjekk situasjon, seier han til avisa.

Klokka 01.10: Det blir meldt at ein fraktebåt står i brann utanfor Askvoll. – Vêret er eit helvete der ute, seier Ola Vaage ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge. Klokka 01.56 melder NRK at fire personar er redda i land etter ein svært krevjande redningsaksjon.

Klokka 05.43: Vest politidistrikt har mottatt 133 meldingar om ulike naturskadar sidan onsdag kveld. Det er ikkje melde om alvorlege personskadar skriv NRK Sogn og Fjordane.

Klokka 05.44: Nattoget til Oslo måtte snu, og var tilbake i Bergen klokka 02.15 i natt. Strekninga Voss-Myrdal er stengd for togtrafikk på grunn av problem med straumtilførselen etter uvêret.

Klokka 06.36: Fleire ferjesambans har vore innstilt på grunn av kraftig vind på heile vestlandet, men er i ferd med å komme i gang igjen melder Statens vegvesen. Oppedal-Lavik går som normalt frå klokka 07.30.

Klokka 06.54: All flytrafikk til og frå Sogn og Fjordane er innstilt torsdag morgon.

Klokka 07.25: Politiet melder ifølge Firda at eit velta tre i vegbana gjer at fylkesveg 543 i Steinhovden i Flora er stengd. Entrepenør er varsla.

Klokka 07.43: Det verste uværet er over for denne gong, men det er framleis kraftig vind på vestlandet. Måløybrua stenger automatisk ved sterk vind, og akkurat no er den stengd melder NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags