Storm stoggar hurtigbåten – må stå over fleire stoppestadar

KANSELLERER: Norled kansellerer to avgangar onsdag.

KANSELLERER: Norled kansellerer to avgangar onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BÅT: Hurtigbåten mellom Selje og Bergen legg ikkje til kai ved Smørhavn i dag grunna vêret. Norled ber folk som skal ta båt følge med på Norled sine heimesider.

DEL

– Kapteinen sjølv tar avgjerda på kansellering etter kvart. Han tek heile tida omsyn til vêret, seier Janet Steine, trafikkleiar for hurtigbåt til Firda.

Norled melder at dei har kansellert anløpet av Smørhavn på den sørgåande ruta frå Selje til Bergen grunna vêrforholdet.

Det gjeld båten som går frå Selje klokka 15.20, og skulle ha lagt til kai ved Smørhavn klokka 16.30.

– Vindretninga er avgjerande for at Smørhavn blei kansellert, legg Steine til.

Ho ber folk som skal ta båt i dag følge med på Norled sine heimesider.

– Der legg vi ut pressemelding så fort det skjer noko, seier ho.

Hurtigbåten vil heller ikkje legge til kai ved Skjerjehamn på grunn av vêret. Om det blir fleire kanselleringar utover dagen, kjem an på vêret.

Meteorologen: – Ta inn hagemøblane og fest trampolinen 

Artikkeltags