Fleire bilar innestengde etter ras i Askvoll

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Onsdag kveld har det gått fleire ras på fylkesveg 609 i Askvoll. Fleire bilar er sperra inne.

DEL

Det opplyser Vest politidistrikt til Firda rundt klokka 22.30.

Ingen bilar er tekne av raset, og ingen er skadde, men fleire bilar er sperra inne mellom rasa. Like før klokka 22.30 var det starta med evakuering på staden. Omfanget er ukjent, melder politiet.

Rasa har gått ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Artikkeltags