Storfusjonen Pelagia på plass

Norway Pelagic blir no del av storfusjonen Pelagia.

Norway Pelagic blir no del av storfusjonen Pelagia. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Norway Pelagic-fabrikkane i Florø og Kalvåg er med i den nye storfusjonen mellom Austevoll Seafood og Kvefi AS, Pelagia heiter barnet.

DEL

Det gjekk ut børsmeldingar om dette i august i fjor, men no er det formelle på plass sidan konkurransestyresmaktene har godkjent det. Dette melder selskapet i ei pressemelding i dag.

Austevoll Seafood og Kvefi blir eigar av 50 prosent kvar i selskapet Pelagia AS (Pelagia), som får kontoradresse Bergen.

Egil Magne Haugstad blir toppsjef i Pelagia. Det nye styret i Pelagia består av styreleiar Helge Singelstad, Helge Moen, Arne Møgster, Gustav Witzøe og Helge Møgster.

Følgjande selskap vil vere 100 prosent eigd: :

Welcon Invest AS (Welcon) som driv produksjon av fiskemjøl, proteinkonsentrat og fiskeolje i Norge, UK og Irland. Welcon har i dag seks produksjonsanlegg, samt tre produksjonsanlegg for proteinkonsentrat og olje. Welcon hadde i 2012 249 årsverk og blir leia av Arne Møgster

Norway Pelagic Holding AS, tidligare Norway Pelagic ASA (NPEL), driv mottak, foredling og sal av pelagisk fisk til konsum og har 13 produksjonsanlegg lokalisert i Norge, frå Honningsvåg i nord til Sirevåg i sør. Selskapet hadde 415 årsverk i 2012 og blir leia av Tor Vikenes.

Egersund Fisk AS (Egersund) er morselskap i eit konsern innanfor fiskemjøl og fiskeolje samt mottak, foredling og sal av pelagisk fisk til konsum. Egersund har eitt produksjonsanlegg for fiskemjøl og fiskeolje i Egersund i Norge samt to produksjonsanlegg for mottak og foredling av pelagisk fisk til konsum i Egersund og Tromsø. I tillegg har Egersund anlegg i Skagen, Danmark, for vidareforedling. Egersund hadde 217 årsverk i 2012 og blir leia Egil Magne Haugstad.

Konsekvensen av fusjonen kan bli at fiskeri- og havbruksmiljøa i Sogn og Fjordane får endå mindre påverknadskraft og på sikt kan tape aktivitet og arbeidsplassar.

Artikkeltags