Store donasjonar frå kvinnelag

GÅVESJEKK: Byakvariet og Monicha Landøy (t.v.) fekk torsdag 100.000 kroner av Flora kvinne og familielag. Bak frå venstre: Marit Grønnevik Stave, Lisbeth Ingvaldsen og Rita Holsen. Kari Lid overrekker sjekken på vegner av laget.

GÅVESJEKK: Byakvariet og Monicha Landøy (t.v.) fekk torsdag 100.000 kroner av Flora kvinne og familielag. Bak frå venstre: Marit Grønnevik Stave, Lisbeth Ingvaldsen og Rita Holsen. Kari Lid overrekker sjekken på vegner av laget. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Både Krokane Sanitetslag og Flora kvinne og familelag har gitt viktige økonomiske bidrag til lokalsamfunnet den siste tida.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Flora Kvinne og familielag gav 100 000 kroner til byakvarie-prosjektet til Monicha Landøy og sikra med det at det truleg er klart for publikum til sommaren.

Meir om saka i papirutgåva i Firdaposten.

Monicha Landøy fortel at totalbudsjettet på¨1,9 millionar kroner no er på plass og INC er no i ferd med å planlegge den tekniske utforminga av akvariet. Det skal bli eit såkalla hands-on akvarium det besøkjande skal kunne oppleve noko meir enn berre å observere fisk og dyreliv gjennom ei glasrute.

Krokane Sanitetslag gav 27 000 kroner til innsamlingsaksjonen til Lilleba Nybø for å sikre at bronsehjortskulpturen i byparken blei verande i Florø. Dei sikra saman med Statoil og Fjord Base sine bidrag og alle dei andre private bidragsytarane at skulpturen til Skule Waksvik vart verande.

Artikkeltags