Stor motstand mot sjødeponi

Her frå aksjonscamp i Vevring, der Natur og Ungdom øvde på sivil ulydnad.

Her frå aksjonscamp i Vevring, der Natur og Ungdom øvde på sivil ulydnad. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Natur og Ungdom har opplevd enorm pågang til aksjonsliste mot sjødeponi i Førdefjorden. Etter kort tid har organisasjonen allereie 100 aksjonistar på liste.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Natur og Ungdom har tidlegare varsla at dei vil aksjonere sivilt ulydig ved eit eventuelt vedtak om sjødeponi i Førdefjorden.

– Natur og Ungdom har opplevd massiv pågang frå folk vil aksjonere sivilt ulydig mot eit sjødeponi i Førdefjorden. At vi på så kort tid allereie har samla 100 aksjonistar fortel at den folkelege motstanda mot sjødeponiet er stort. Kvar dag får vi nye påmeldingar gjennom våre nettsider, seier Ådne Feiring, fagmedarbeidar i Natur og Ungdom.

Nordic Mining ønskjer å etablere eit sjødeponi i Førdefjorden i Sogn og Fjordane. Avgjersla ligg no på miljøvernministeren sitt bord, men det er ikkje klart når ei slik avgjersle vil vere klar. Natur og Ungdom er svært kritiske til prosjektet, som kan føre til fatale konsekvensar for livet i fjorden. Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord og eit gyteområde for kysttorsk. Det finsy også fleire raudlisteartar som ål, uer og elvemusling i fjorden.

– Vi har samla både ungdom og vaksne frå mange stader i landet, og vi blir stadig fleire. For nokre er dette den første miljøsaken dei engasjerer seg i, andre var også aktive under Altakampen. Dette er ein aksjon som femner breidt. Felles for aksjonistane er at vi er motstandarar av å bruke ein av våre reinaste fjordar som avfallsplass for giftig gruveavgang, seier Feiring.

Tidlegare har Fiskeridepartementet, Havforskningsinstituttet, Direktoratet for Naturforvaltning og Klima og Forurensningsdirektoratet uttalt seg kritisk til prosjektet. Klif har konkludert med at kunnskapsgrunnlaget ikkje er stort nok og anbefalar ei eittårig utgreiing av konsekvensane.

Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri, uttalte denne veka at kunnskapsgrunnlaget i saken er stort nok til å ta ei avgjersle. Natur og Ungdom synst det er rart at Norsk Bergindustri vel å gå i mot dei miljøfaglege etatane.

- Eit sjødeponi i Førdefjorden er uaktuelt. 100 aksjonister er bare starten. Vi skal vinne kampen for ein rein Førdefjord uansett, seier Feiring.

Natur og Ungdom ventar at talet aksjonistar vil stige også framover.

Artikkeltags