Trafikken gjennom Naustdalstunnelen hadde ein vekst på 5,5 prosent, ein svær auke i høve til året før.

Då hadde trafikken berre vakse med 2,1 prosent. Tala kjem fram i årsmeldinga til Sunnfjordtunnelen AS som skal opp til behandling i generalsforsamlinga på Rica Sunnfjord Hotel 14.-16. juni.

Noko av forklaringa på vektsten er at heile vegsambandet vart gjort ferdig i juni 2005. Også renteutviklinga til selskapet har betra seg. Berre 23 prosent av låna er no bundne. Ved årsskiftet var gjennomnittsrenta på låna på 3,4 prosent.

Sunnfjordtunnelen AS lånte 120 millionar kroner til forskottering av utbetring av rv 5. Det er eit vilkår at Stortinget refunderer pengane fram til 2008.

Rekneskapet for 2005 viser eit overskot på 1,7 millionar kroner. Selskapet tok inn nesten 19 millionar kroner i bomavgifter fjor, skreiv av nesten 11,7 millionar i det som blir kalla innskrivingsrett, og inntekene auka med 4,3 prosent. Selskapet og bomstasjonen skal avviklast så snart alle pengane er betalte tilbake. Med sterkt aukande trafikk og framleis låg rente kan dette gå fortare enn planane er lagt opp for.