Gå til sidens hovedinnhold

Stoler ikkje på partikkelmålingane

Artikkelen er over 6 år gammel

Kort tid før regjeringa tek avgjerda om gruvedrift i Engebøfjellet, kjem Havforskingsinstituttet med nye ankepunkt på miljøets vegner.

Heilt sidan Nordic Mining la fram planar for gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring, har Havforskingsinstituttet vore kritiske til å gje løyve til å bruke Førdefjorden som dumpingplass for stein og støv frå produksjonen. Om kort tid skal Nordic Mining leggje fram nye tilleggsrapportar som dei har jobba med gjennom heile 2014, etter krav frå styremaktene. Noko som er kravd betre dokumentasjon rundt, er korleis straumsystema i Førdefjorden kan bidra til å spreie partiklar rundtom i fjordsystemet.

Tek ikkje med alt

No hevdar Havforskingsinstituttet at modellane som blir nytta i berekningane er for enkle, og at dei ikkje fangar opp den heile sanninga.

- Målingane er for enkle. Dei utelet drivkrefter og baserer seg på data som ikkje er gode nok. Heller ikkje grenseverdiar er nok vektlagt, og straumdata som er innhenta frå fjorden er ikkje gode nok. Det betyr at potensialet for spreiing av partiklar er for lågt. Erfaringar frå eit liknande prosjekt i Bøkfjorden i Finnmark viser at miljøtilstanden på fjordbotnen endra seg frå "god" til "særs dårleg" heilt ut til sju kilometer frå utsleppspunktet på berre to år, skriv havforskarane.

Trur utbygginga kjem

Sjølv om Havforskingsinstituttet er negative til heile prosjektet, går dei likevel langt i å spå at også Engebøprosjektet kjem til å bli realisert. Og nettopp derfor må ting utgreiast grundig. I pressemeldinga skriv dei:

"Men når slik aktivitet likevel ser ut til å få tillatelse, bør i det minste konsekvensene være tilstrekkelig utredet."

Du kan lese heile bekymringsbrevet som Havforskingsinstiuttet har skrive på nettsidene deira. Brevet er no oversendt Miljødirektoratet.

Må søkje om prosessvatn

Deretter ventar nye søknadsrundar for Nordic Mining. Eit spørsmål som må omsøkjast og avklarast, er frå kva lokalt vassdrag ein skal henta prosessvatn frå. Firdaposten skreiv i juni om elveeigarlaget i Vestre Hyen, som er sterkt kritiske til at Osen-Hyen-vassdraget er eitt av tre alternativ når det gjeld vasstilførsel til gruvedrifta i Engebøfjellet.

Kommentarer til denne saken