Gå til sidens hovedinnhold

Stogga fem elevar utan sykkel-lys

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Torsdag morgon blei fem syklande skuleelevar utan lys stogga av politiet i Svelgen.

I Svelgen blei det gjennomført ein syklist-kontroll i sentrum torsdag, i tidsrommet mellom åtte og ni på morgonen. Resultatet var dels nedslåande.

Fem skuleelevar kom syklande på veg til skulen utan noko form for lyskjelde på syklane sine, trass i at det var mørkt, mykje nedbør og dårleg sikt. Og trass i at det i to veker har vore gjennomført aksjonar over heile landet for å setje søkjelys på lysmangelen på tohjulingane.

– Det blei naturleg nok ikkje skrive ut førelegg til ungane. Men tilsette ved Bremanger lensmannskontor valde å ta kontakt med skulen umiddelbart, for å varsle om forholda, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved politiets operasjonssentral i Florø.