Emil kua Kupen i triksing

Artikkelen er over 2 år gammel

Den første Florameisterskapen i triksing blei gjennomført i fotballteltet i Torggata laurdag føremiddag. Det var ikkje A-lagsspelarane som briljerte.

DEL

Supporterklubben Stimen og Byen Vår Florø inviterte til triksekonkurranse i teltet i Torggata laurdag føremiddag. Fleire av A-lagsspelarane stilte opp, så prestisjen var sikra, men dei måtte alle se seg slått. Brørne Emil og Christian Mortensen var suverene.

– Resultata for Florameisterskapen i triksing gav ingen overraskingar; som venta var Havrenesingane i ein klasse for seg, seier primus motor Per Øyvind Helle. Kristian Bergvoll Gjelsvik frå Texasmarka tok tredjeplassen.

Av A-lagsspelarane var det Stefan Aase som gjorde det best, med en fjerde plass.

Deltakarane måtte trikse innafor eit avgrensa område, og det gjekk på tid. Den som holdt ballen i lufta lengst, utan å trå utanfor det oppmerka området vann konkurransen. Det var 16 deltakarar, og dei ti beste plasserte seg slik:

1. Emil Mortensen - 2 min, 38 sek, 96 hundredeler
2. Christian Mortensen - 1,45,40
3. Kristian Bergvoll Gjelsvik - 59,80
4. Stefan Aase - 31,33
5. Peter Aase - 26,51
6. Erlend Hove - 23,22
7. Endre Kupen - 11,31 (litt forkjøla)
8. Kim Solheim - 8,15
9. Hilde C Strømsnes - 7,70
10. Jon Håvard Strømsnes - 6,28

Artikkeltags