STIF-jubileum tre dagar til ende

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

SVELGEN: Svelgen Turn-og Idrettsforening (STIF) såg dagens lys 8.september 1930. I helga skal 75-års jubilanten feirast tre dagar til ende, med eit program tettpakka av aktivitetar for heile familien.

DEL

Fredagen er det barn og unge som står i fokus. På ungdomsklubben Realen er det duka for leikar, konkurransar og diskotek for dei aller yngste. Litt seinare på kvelden er ungdomar frå 13 år og oppover frå heile kommunen invitert til nattcup i Svelgen Idrettshus, der både fotball, volleyball og basketball står på programmet.

– Vi håpar på å kunne samle 150 ungdomar i idrettshuset denne kvelden og natta. Kulturkontoret har sponsa busstransport frå ytre via Leirgulen, Davik og Ålfoten, slik at alle skal få kome seg trygt både fram og tilbake, fortel Svein-Arne Sandvik, som er leiar i STIF.

Den store folkefesten

Laurdagen er det i idrettshuset det skjer, med stor basar, tombola og underhaldning. Musikkskulen, trekkspelklubben og skulemusikken skal ha ansvar for dei musikalske innslaga, vidare vil dei ulike STIF-gruppene vise sine idrettar med fem-ti minutts innslag, for å få fram breidda i det aktive idrettslaget i industribygda.

– Publikum får også nyte godbitar frå den største kakebaren som nokon gong har vore i Svelgen, og det blir trekning i jubileumslotteriet vårt, med ei gevinstsamling ingen før har sett maken til her i bygda, reklamerer Sandvik, og ramsar opp den eine kostbare gevinsten etter den andre.

Friluftsdag

Søndagen er også ein familiedag. Om føremiddagen blir det arrangert tur til STIF si hytte på Molda, der det mellom anna vil bli servert god gammaldags buljongsuppe. Seinare på dagen bles STIF liv att i det tradisjonelle Rise-løpet, som strekkjer seg over ei ni kilometer lang løype på asfalt og grus frå Svelgen sentrum og innover langs Risevatnet. Her blir det både konkurranseklasse, med vanleg klasseinndeling, og mosjonistklasse. Det blir premiar på alle som deltek.

Artikkeltags