Sterkt samarbeid frå Seglem og Fosse

Artikkelen er over 11 år gammel

«Den nye Ibsen», nynorskforfattaren Jon Fosse, og «verdas einaste nynorske musikar», saksofonist Karl Seglem, oppsummerar no det ti år lange samarbeidet sitt.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I midten av mai gir dei to vestlandskunstnarane ut ein eigen CD-boks som dokumenterar arbeidet. I «Dikt og Prosa» lydlegg sogningen Seglem dikta til hardingen Fosse. Ifølgje førehandsomtalen set dei særprega fjord- og fjellandskapa i Sogn og Hardanger sterkt preg på klangane, fargane og pusten som er innspelt til den doble utgjevinga. Duoen har kvar for seg opparbeidd eit stort publikum både i Noreg og ute i verda. Karl Seglem kan ein oppleve på "heimebane" under Balejazz førstkomande helg, der han spelar konsert laurdag i den engelske kyrkja, saman med sambygdingen Håkon Høgemo på hardingfele. (ANB)

Artikkeltags