Gå til sidens hovedinnhold

Sterk innsats, men fortent tap

Artikkelen er over 8 år gammel

Bremanger kom til serieleiaren Eikefjord for å berge poeng for å unngå nedrykk. Men Eikefjord er i flytsona for tida.

Det stod 1-0 til pause i ein kamp det Eikefjord hadde ballen svært mykje, medan Bremanger prøvde å ligge kompakt defensivt og slå tilbake på kontringar. Eit reserveprega Bremanger-lag med fleire gutespelarar stod på og gjorde ein heltemodig innsats for å slå tilbake mot eit Eikefjord-lag i sterk medbør: Dei er stinne av sjølvtillit og har vunne kampar med kalassiffer siste tida. Det greidde dei ikkje denne gongen, men sikra seg eit mål nummer to i andre omgang.

Bremanger var farleg frampå fleire gonger, men har alle teikn på eit lag som slit med låg kollektiv sjølvtillit etter mange negative opplevingar i denne sesongen. Viss Eirik Førde Rylandsholm hadde vore i flytsona, så ville han lett ha skåra då han kom åleine mot keeper. I ein anna situasjon sprett ballen inn i bakrommet mellom keeper og Eikefjord-forsvaret. Eit par Bremanger-spelarar får sjansen til å dundre inn eit mål, men bommar på ballen. I same perioden var eit fysisk mykje sterkare Eikefjord også farleg frampå i feltet framfor Bremanger-kaptein Kenneth Fosse Elde, men skaut himmelhøgt over for nesten ope mål.

Førre helgs redningsmann i Bremanger; Dag Magne Nigardsøy, var skadd og stod på sidelinja som lagleiar denne gongen:

- Prestasjonen i denne kampen står det respekt av. Vi stiller med fire guttespelarar på midtbana og sjølv om Eikefjord har ballen mykje, så har vi bra kontroll på dei det meste av kampen. Her er det berre ein ting som nyttar, å vere positive og rose dei gode prestasjonane ute på bana.

- Korleis ser du på resten av kampprogrammet?

- Neste helg møter vi Tambarskjelvar borte. Det blir vanskeleg, men så har vi tre kampar att som vi absolutt bør kunne ta poeng i. Det er framleis muleg å unngå nedrykk, meiner Nigardsøy.

Eikefjord-trenar Trond Ukkas Olsen har ein heilt anna kvardag:

- Vi har spelt gode kampar i det siste og lykkast med offensivt spel. VI prøvar å utvikle eit kreativt spel langs bakken og spele fin fotball. Målet er opprykk i år eller til neste år. Det er god stemning i gruppa og best av alt; det er mykje treningsvillige folk på treningane.

- Kva trur du om opprykk i år?

- Det kan skje. Tambarskjelvar spelar borte mot Stryn denne helga. Taper dei så leiar vi serien med fem poeng etter denne runden. Viss ikkje blir opprykkskampen tettare, seier Ukkas Olsen.

Bremanger sin tropp:

Kenneth Fosse Elde, Vidar Senneset, Harald Erlandsen, Mathias Hammersland, Espen F Frøyen, Magnus Olav Myrhol, Oliver Igland, Eirik Førde Rylandsholm, Martin Senneset, Eirik Strømmen Klævold, Martin Hauge, Tom Hem, Tomas Kolseth, Roy Atle Igland og Marius Gulliksen.

Eikefjord sin tropp:

Aage Herstad, Torbjørn E. Knapstad, Marius Hovland, Mats Hovland, Andreas Hopen, Thomas Øren, Sondre Solheim Langedal, Øyvind Sørbø, Håvard Berge, Kristian E. Langedal, Håvard Redal Mjølkeråen, Erling Austreim, Sondre Herstad, Bjørnar Øren og Marius Ion Ghiorghita

Dommar : Ragnar Aamot.

Målskårarar på Eikefjord var Marius Ion Ghiorghita (1-0) og Øyvind Sørbø (2-0)

Kommentarer til denne saken