Stengd grunna helsefare

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

BREMANGER: Verneombud Mette Bortne meiner at tilhøva på sløydavdelinga ved Hauge skule er så dårlege at den er helsefarleg både for lærarar og elevar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Måndag stengde ho avdelinga med øyeblikkeleg verknad.

Stenginga er gjort med heimel i Arbeidsmiljølova, og ut i frå samtaler med faglærarane ved sløydavdelinga. Tilbakemeldingar om helseplager frå elevar var også medverkande årsak til det vedtaket som no er gjort.

Eg er uroa over dei tilbakemeldingane eg har fått, og meiner det er fare for arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse å halde fram arbeidet ved avdelinga slik ho er i dag. Ein lærar har allereie måtte slutte på grunn av helseskade, ein annan har vore sjukmeld nokre veker no i haust som følgje av å ha jobba ved avdelinga, og då er spørsmålet kor langt skal vi strekkje oss før tilhøva blir utbetra. Som verneombud kan eg ikkje lenger berre la det skure, seier Mette Bortne.

Støv og støy

Eitt av dei største problema er støv. Sløydavdelinga har ikkje tilstrekkeleg sponavsug, og støv frå mange ulike maskiner og utstyr går fritt ut i rommet. I tillegg til støvproduksjon frå faglege aktivitetar, kostar og ryddar elevane rommet for kvar to timar, før ny klasse tek til, og dette aukar støvproduksjonen endå meir. Maskinene på avdelinga gir også frå seg mykje støy, og det verneutstyret som finst, er utslite eller av slik kvalitet at det ikkje gjev godt nok vern.

Utgått på dato

– Avdelinga ber også preg av å ha tent si tid. Det er store manglar når det gjeld materiell og utstyr, arbeidsbenkane er slitne og avleggs, omnen til å brenne keramikk i er øydelagd, berre for å nemne noko. Så i tillegg til at arbeidsmiljøet går på helsa laus både for lærarar og elevar, stettar sløydavdelinga langt frå krava til undervisning i den gjeldande læreplanen (L97). Alt dette er skuleeigaren sitt ansvar, og må takast på alvor. Vi treng handling no, krev Mette Bortne.

Endringsforslag

– Kva endringar må så til for at avdelinga stettar krava både i Arbeidsmiljølova og L97?

– Skal arbeidstilhøva og inneklima kome i samsvar med krava i Arbeidsmiljølova, må maskinene flyttast til eit eige maskinrom med effektivt avsug, slik at finstøvet blir transportert ut av arbeidsromma. Likeeins må reinhaldsrutinane oppdaterast. Dessutan er det viktig at det blir laga konkrete planar for korleis avdelinga skal vere, og at desse blir sett ut i livet. For å stette krava til undervisning, må det ei totalrenovering til, og det må kjøpast inn nytt relevant verkty og utstyr, seier Bortne.

Artikkeltags