Steinhovden barnehage nedleggingstruga: - Det vi ber om, er tolmod

Bjarte Steinhovden, leiar i grendelaget og FAU seier ein er vel van med at barnetalet svingar i små bygder. Difor ber ein om tolmod, sjølv om det i år berre er tre barn i barnehagen i Steinhovden.

Bjarte Steinhovden, leiar i grendelaget og FAU seier ein er vel van med at barnetalet svingar i små bygder. Difor ber ein om tolmod, sjølv om det i år berre er tre barn i barnehagen i Steinhovden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Men Flora kommune seier nei.

DEL

Frå hausten av er det tre barn i barnehagen i Steinhovden. Dette utløyser nedlegging, ut frå barnehage-vedtekene i Flora, der det heiter at eit barnehagetilbod vert lagt ned og barna overførte til andre barnehagar når tal heile plassar som vert nytta er mindre enn fem i aldersgruppa 1-5 år, når barnehagen er samorganisert med SFO og skule.

Men FAU i Steinhovden har sendt søknad til kommunen om å få oppretthalde barnehagen med dei tre barna. I søknaden peikar dei på at det ikkje er unormalt at barnetalet svingar, og uttrykker tru på at situasjonen kan endre seg raskt. Dei peikar også på at ei nedlegging av barnehagen vil få konsekvensar for skulen på sikt. Dersom barna frå bygda skal starte barnehage i Eikefjord, ser FAU det som sannsynleg at dei også vil følgje kullet sitt og også gå på skulen der.

- Det er ingen her som ønsker ein barnehage med tre ungar. Poenget vårt er at vi har tre ungar i barnehagen nett no, men vi ser variasjonane frå år til år. I ei lita bygd som dette vil barnetalet gå ned før det går opp igjen.

Det seier leiar i grendelag og FAU ved Steinhovden skule og barnehage, Bjarte Steinhovden.

I skulen ser elevtalet greitt ut, mellom anna fordi skulen får fem nye førsteklassingar, som kjem frå barnehagen. Ingen nye ungar startar i barnehagen i år.

- Men vi er ganske overbeviste om at dette vil endre seg. Så det  vi ønskjer, er at kommunen viser tolmod til å sjå det litt an, poengterer Steinhovden.

Rådmannen finn det ikkje tilrådeleg å etterkomme søknaden, heiter det i svaret frå Flora kommune. Dette blir mellom anna begrunna med at tilbodet utløyser ein personalressurs som ikkje er tilstrekkeleg for å gi eit tilfredsstillande tilbod, verken pedagogisk eller i høve barna sin  tryggleik. Det blir også peika på at Eikefjord barnehage har plass til dei barna det er snakk om.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken