Slik helsar Steinar nasjonaldagen

Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi måtte jo finne på noko galskap.

DEL

Steinar Svardal fann ut at for å markere nasjonaldagen så måtte han gjere det på ein spesiell måte.

– Eg er for tida på rehabilitering på Hauglandsenteret, og har snart gått ned 10 kilo i løpet av dei to vekene eg har vore her. Og i samband med nasjonaldagen, så fann vi på gruppa mi ut på kvelden den 16. mai at eg like godt kunne måle «heile skroget», ler Florø-mannen då Firda kontaktar han etter at han lagt ut bilde av seg sjølv på profilen sin på Facebook. Ein profil som han har fått veldig mange positive tilbakemeldingar på.

– Ja, utruleg mange som har likt innlegga mine frå Hauglandsenteret, og det er veldig motiverande å få så mange tilbakemeldingar, seier Svardal.

Ikkje høgtidleg

– Dei fleste som kjenner meg, veit at eg ikkje tek meg sjølv altfor høgtidleg. Og kvifor skal eg det. Eg er den same uansett, ler Svardal og viser til at føre målinga tok til, så måtte han barbere overkroppen for hår.

– Og dei som kjenner meg veit at eg er ikkje akkurat hårfri. Men med godt hjelp så fekk eg fjerna alt håret i går kveld, slik at på morgonen 17. mai, så var alt klart for å måle det norske flagget, seier Svardal og viser til at han fekk hjelp til sjølve kroppsmålinga.

Til flaggheisinga

– Ja, dette er eit verk frå Team Grøn på Hauglandsenteret. Vi starta klokka 07.00 og dei var akkurat ferdig med målinga til at eg kunne vere med på flaggheisinga ein time seinare. For det må eg ha med meg, seier Svardal som i tillegg til å vere dagleg leiar for Eurospar-butikken på Krokane i Florø er lidenskapeleg fotball-patriot.

– Ja, eg legg ikkje skjul på det heller. For meg er det tre klubbar, nemleg Brann, Florø og Liverpool. Og på laurdag skal eg inn til Sogndal for å sjå Brann mose Sogndal. Og eg er ærleg på at sjølv om eg kjem frå Sogn og Fjordane, så heiar eg på Brann. Alltid, seier Svardal med mine til å bli trudd.

Til familien

Svardal skal vere på rehabilitering på Hauglandsenteret i Fjaler til 24. mai.

– Eg håpar sjølvsagt at eg får gått av meg fleire kilo. Ikkje minst med tanke på endringar i kosthaldet. Dei gjer ein fantastisk jobb med oss her i Flekke, men eg gler meg no til å komme heim og. Då ser eg fram til å vere med familien, og så etter kvart så skal eg vel også tilbake til Eurospar-Krokane etter kvart. Men først og fremst familien, seier Svardal.

Artikkeltags