Det at regjeringa i statsbudsjettet rår til endringar i den såkalla INU-ordninga, er eit alvorleg tilbakslag for Flora kommune. Det meiner ordførar Ola Teigen (Ap).

- Dette vil tyde over 20 millionar mindre til næringsutvikling årleg i kommunen framover, noko som vil merkast. Slike beløp er vi ikkje i nærleiken av å kunne kompensere for frå andre budsjett, seier ein forarga ordførar i ei pressemelding fredag.

INU-midlane er ei ordning som gjeld for kommunane Sogndal, Førde og Flora, og som syter for at desse får tilbakebetalt over 40 millionar årleg på grunn av at dei betalar inn høgare arbeidsgjevaravgift enn dei andre kommunane i fylket. Om lag halvparten av denne potten er innbetalt av næringslivet i Flora.

- Desse midlane har kome godt med dei siste åra, blant anna har kommunen finansiert større kaiutbyggingar på Botnastranda. Også infrastruktur i samband med baseutvidinga er komen inn på lista som kvalifiserer til INU-ordninga, seier Teigen og viser til at regjeringa seinast i fjor signaliserte at ordninga skulle vare til 2021. No ser det ut som det er stopp frå 2018 og alt neste år vil beløpet truleg bli halvert.

- Eg er svært overraska over at regjeringa kan påstå at dei skal setje eit særleg fokus på nedgangstidene på Vestlandet ved å sette inn motkonjunkturtiltak, og så kjem altså dette. Dette vil ikkje bidra til næringsutvikling - tvert om, seier Teigen.

INU-midlane har og vore eit kjærkoment bidrag elles i florasamfunnet. 3 millionar har årleg gått til utvikling av sentrumstiltak som til dømes Sørstrand, byakvariet, Eventyrskogen og stiopprustinga i Brandsøyåsen. -Berre i Brandsøyåsen har vi stabla på beina 6 millionar kroner utanfor dei kommunale budsjetta med basis i INU-midlar. Midlane har i tillegg utløyst spelemidlar og momskompensasjon. Bortfall av desse kronene vil merkast ved at slike positive løft for innbyggarane vil bli færre.