Gå til sidens hovedinnhold

Statoil-plan kan halvere oljebasen

Artikkelen er over 8 år gammel

Uro i Florø og oljemiljøet i fylket etter første innsyn i ny Statoil-strategi.

- I verste fall kan halve oljebasen ryke.

Det seier administrerande direktør i Saga Fjordbase, Agnar Strømsnes etter å ha fått innblikk i dei nye planane til Statoil for korleis offshoregiganten vil drive basetenestene i framtida.

Statoil vurderer flytting av baseaktivitetar

Om nokre år kan ein ha eit bilete der Mongstad blir hovudbase for forsyning, CCB på Ågotnes tek føringa på subsea-aktivitet - og Florø får ansvaret for røyrlagring og røyrhandtering. I så fall kan dette bety tap av over 200 arbeidsplassar.

Ein av dei som håpar denne arbeidsfordelinga ikkje blir framtidas fasit, er leiar av Flora Industri og Næringsforening, Bjørn Hollevik.

- Forsyningstenesta er sjølve grunnfjellet for basen, sjølv om vi har hatt fin vekst innan både røyrhandtering og subsea-aktivitet dei siste åra. Det er gjennom forsyning og logistikk vi har den daglege, løpande kontakten mot offshoreinstallasjonane. Det er den som skapar dei positive ringverknadene for heile lokalsamfunnet. Vi skal møte Statoil med dialog, men går ikkje det, må vi peike på Statoil sitt samfunnsansvar og på konsesjonskrava, fastslår han.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier at dei ikkje vil fire på konsesjonskrava til Statoil: Står på konsesjons- krava til Statoil

  • Les meir om dei dramatiske endringane som kan vere i vente i dagens utgåve av Firdaposten.

Kommentarer til denne saken