Gå til sidens hovedinnhold

Statkraft fornyar seg i Svelgen

Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: I løpet av ein heller kort periode skal Statkraft bruke ikkje mindre enn 40 millionar kroner på å ruste opp to kraftstasjonar i Svelgen.

Det er to veteranar innan kraftproduksjonen i industribygda som no skal fornyast. Svelgen 1, som har sjølve kraftstasjonen sin inne på industriområdet, vart bygd så tidleg som i 1920. Anlegget har vorte fornya og utbetra opp gjennom åra, men det arbeidet som no er i gang, er på sett og vis det mest omfattande sidan 1958. Hovudsaka denne gongen blir å skifte ut inntaksluka oppe ved Svelgsvatnet, eit arbeid kostnadsrekna til åtte millionar kroner, opplyser oppdragsleiar i Statkraft, Tormod Nes.

Det andre oppgåva gjeld «søsteranlegget», Svelgen 2, som er plassert djupt inne i berget. Arbeidet her starta i fjor med sandblåsing og måling av inntaksrøyr. Det er også skifta ein del kablar, og i tillegg skal viklingane på begge generatorane fornyast. Her vil det gå med om lag 19 millionar kroner.

Det neste steget som er planlagt gjeld ei oppdatering av utstyr til vern, kontroll og styring. Også her blir kostnadene etter dei fleste målestokkar store; 12-13 millionar kroner vil dette koste.

Tormod Nes opplyser at mykje av arbeidet vil Statkraft utføre i samarbeid med leigetakaren, Elkem Energi Bremanger AS. Fleire verksemder både i Svelgen og andre stadar i regionen skal levere både utstyr og tenester i samband med prosjekta.

Det omfattande arbeidet treng ikkje få følgjer for drifta ved smelteverket, seier Nes. Det vil ta seks veker å skifte viklingane på Svelgen 2, men i denne tida kan kraft hentast andre stadar ifrå. Heller ikkje vanlege straumbrukarar vil merke noko til arbeidet, seier Nes. Det einaste måtte vere at det til visse tider kan bli noko meir helikoptertrafikk enn vanleg, legg han til.