Bremangerane lever lengre enn florøværingane

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Vestlendingane er dei i Norge som lever lengst, skal vi tru statistikk frå Folkehelseinstituttet. Og av kvinner og menn er det nærast sjølvsagt kvinnene som lever lengst. I snitt lever norske kvinner i cirka 84 år, medan mannfolka er forventa å leve i 80 år.

Men så kan vi sjå skilnadene her lokalt. Av florøværingane og bremangarane er det bremangarane som lever lengst. I Bremanger er forventa levealder 84 år for kvinner og nesten 79 år for menn. Florøværingen derimot har ein forventa levealder på 84 år for kvinnene og 78 år for mannfolka.

I og med at både Flora og Vågsøy no har inngått ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing, er det relevant å ta med forventa livslengd til Flora sine nye sambuarar også. Vågsøyværingane har ein forventa levealder på 84 år for kvinnene og nesten 79 for mennene. Vi kan dermed vente at forventa levealder vil auke ein smule, dersom det blir ein Flora-Vågsøykommune, i alle fall når det gjeld menn.

Og skal vi ta føre oss forventa levealder i heile regionen vår, er det naustedølene som lever lengst. Forventa levealder i Naustdal er nesten 86 år for kvinner og 81 år for menn. Deretter kjem førdianarane, med ein forventa levealder på 85 år for kvinnene og 80 år for mennene.

Forventa levealder er no ein ting, kor lenge ein faktisk lever er noko anna. Det kan anten bli kortare eller lengre enn forventa levealder. Men for Folkehelseinstituttet gir forventa levealder ein peikepinn på korleis det står til med folkehelsa. Forventa levealder i 1900 var til dømes rundt 52 år. I 2015 blei forventet levealder rekna til over 80 år. Det fortel Folkehelseinstituttet at helsetilhøva betra seg betydeleg fra 1900 til 2015.

Artikkeltags