Seks bruksforbod, ei anmelding, ei avskilting og fem tekniske manglar i tungbilkontroll onsdag

DEL

Statens vegvesen hadde tungbilkontroll på E39 Førde Trafikkstasjon onsdag, og totalt var 133 køyretøy innom kontrollplassen. 21 av dei vart kontrollerte nærare. Av desse 21 blir ein førar blir meld til politiet for brot på reglane om køyre- og kviletid, i tillegg til at det blir sendt skriftleg rapport til heimlandet med ei oppmoding om føretakskontroll.

Ein tilhengar blei avskilta og tilhengaren begjært avregistrert på grunn av manglande EU-kontroll. I tillegg fekk trekkbilen bruksforbod på grunn av manglande transportløyve. Det blir og sendt rapport til løyvekontoret for vidare oppfølging.

Heile seks køyretøy fekk bruksforbod. Årsakene var manglar ved sikring av last, manglar vedd dokument som skal følgje med under transport av farlig gods, overlast og sikthindrande gjenstandar i frontrute. Ein førar fekk skriftleg åtvaring for brot på reglane om køyre- og kviletid og det blir sendt anmodning til heimlandet om foretakskontroll.

Eit transportfirma fekk 8000 kroner i gebyr for manglande bombrikke.

Og fem køyretøy fekk skriftleg påtale av tekniske manglar. Det var mellom anna mangel på bremser, lys og underkøyrings- hinder.

Artikkeltags