Kontrollerte tungtransporten i natt, ein sjåfør fekk køyreforbod

Av

FLORØ: Statens vegvesen gjennomførte ein seks timar lang tungtransport-kontroll natt til onsdag.

DEL

Kontrollen, som blei gjort på Kjøs i Hornindal, var mynta på store køyretøy, der både teknisk stand og kontroll av kviletidsreglane blei sjekka av Vegvesenet. Til saman vart 12 større køyretøy kontrollerte.

Eit køyretøy fekk bruksforbod og blei avskilta på staden. Det blir frå Vegvesenet si side også oppmoda om såkalla bedriftskontroll av eit transportfirma i etterkant av kontrollen.

I tillegg avslørte Vegvesenet eit brot på kviletidsreglane, og ein sjåfør måtte rydde krimskrams frå frontruta før han fekk køyre vidare.

Artikkeltags