Kontrollørane frå vegvesenet fekk seg ei positiv overrasking i Bremanger

DEL

Laurdag stilte Statens vegvesen seg opp langsmed vegen i Kalvåg og på Hauge for å kontrollere dokument, bilbelte, lys og dekk hos passerande bilar. I løpet av nokre timar på dagen kontrollerte dei 21 køyretøy. Resultatet imponerer vegvesenet:

I løpet av nokre timar avdekka dei at ingen hadde manglar på verken dokument eller bil. Ingen køyrde med sommardekk. Ingen av vinterdekka hadde for dårleg mønsterdjupne. Ingen køyrde utan bilbelte. Alle lys var i orden. Ingen bilar vart avskilta. Kort fortalt; ingen vart meldt for noko som helst – unntatt ein som fekk bot for ikkje å ha med seg førarkortet.

– I dag er vi svært nøgde med kontrollen i Bremanger, konkluderer vegvesenet sine kontrollørar i rapporten.

Artikkeltags