Startar skyssbåt-reiarlag

Artikkelen er over 13 år gammel

FLORØ: Ole Petter Dahl frå Kjelkenes og andre investorar har investert 12 millionar kroner i selskapet Stadt Sjøtransport AS. Firmaet har no kjøpt to skyssbåtar og to taubåtar for å operere strekninga Stad-Bergen.

DEL

Dei ønskjer å bli ein betydeleg aktør på marknaden mellom Bergen og Stad. På sikt betyr etableringa minst ti nye arbeidsplassar i Flora og Bremanger.

Ole Petter Dahl har vore tilsett i Fjord1 Fylkesbaatane sidan 1998, med unntak av to periodar som maskinist på fiskebåt. Tida i Fylkesbaatane jobba han på dei store ekspressbåtane, men også på dei mindre skyssbåtane. Det var her han såg mulegheiten for å starte for seg sjølv. Og det er ikkje i det små han no går inn i marknaden.

I Spania

– Det er like godt å satse for fullt når du først har gått inn for noko og har gode støttespelarar i ryggen, poengterer Dahl på telefon frå Spania der han i går signerte kjøpskontrakt på to taubåtar. Han fortel dei no håpar å knyte til seg langsiktige samarbeidspartnarar og har allereie fått på plass to gode intensjonsavtaler. Kven desse avtalane er med og kor omfattande dei er, vil han per i dag ikkje ut med. Med gode kontaktar og fleire signerte intensjonsavtalar er han viss på at det er butikk i det han no skal ta til med.

Skyssbåt-aktiviteten vil i hovudsak foregå på kysten mellom Stad og Bergen. I dag har Dahl fått på plass to tidlegare FSF-skipperar med lang erfaring frå rute-/turkøyring i Flora-området. Desse skal fungere som mannskap på skyssbåtane. Ein røynd taubåtskipper har dei også på hand. Ytterlegare kvalifisert personell vil det no bli søkt etter i Flora og Bremanger. Dahl fortel dei kjem til å sysselsette minst ti personar i aktiviteten sin framover.

Hyen-båt

Båten "Sjøvakt" vart kjøpt i desember. Den har vore eigd av Nordvest Fjordservice på Vestnes og vore nytta til ambulansebåt og rute-/turkøyring i Møre og Romsdal. Den har også vore opplæringsbåt for nye hurtigbåt-navigatørar. Den er 17.5 meter og bygd hos Brødrene Aa i Hyen i 1987. Den vart oppgradert innvendig i 2003. I mars i fjor kom det nye Scandia-motorar i båten. No blir den øvre salongen endra frå å vere ambulansebåt til turbåt og med høgre standard på sittegruppene. Båten skal heite MS "Stadt" og vil kunne frakte 48 passasjerar.

Grunnen til namnet MS "Stadt" er samarbeidet nordover med 62 grader Nord Cruises i Ålesund. Stadt Sjøtransport AS og 62 grader Nord Cruises skal ha felles marknadsføring og innsal av turar i tillegg til at det vil vere utveksling av mannskap selskapa imellom. Stadt Sjøtransport vil også drive personellutleige og kan vise til ein personellpool på fem maskinistar og fem navigatørar. 62 grader Nord Cruises er også i ekspansjon og har ein katamaran med plass til 97 passasjerar under bygging i Måløy. Den kostar 20 millionar kroner og skal vere klar til 15. juni.

Kjøper "Solbris II"

Dahl har også inngått ein avtale om å kjøpe Leidulf Grytten sin Norwest 1100 som i dag heiter "Solbris II". Den blir overteken i april i år. Prisen ønskjer ikkje Dahl å kommentere per i dag, og namnet båten vil få etter overtakinga er heller ikkje på plass. Både MS "Stadt" og MS "Solbris II" skal drive i chartermarknaden mellom Bergen og Stad. Desse to i tillegg til ein MOB-båt på 26 fot skal stasjonerast i Flora–Bremanger-området.

Selskapet har ein førebels eigenkapital på 6.8 millionar kroner. No jobbar dei også med å få inn ein ny aksjonær i Florø for å auke soliditeten i selskapet ytterlegare.

Hovudaksjonærar i Stadt Sjøtransport AS er Spilka Invest A/S og dagleg leiar Ole Petter Dahl. Elles er Strafo Invest A/S, Allan, Roald og Ståle Dyrstad, KJG Eiendomsutvikling, Knut Kjørslevik, Rune Midtkandal og Peder Røstøen med som aksjonærar.

Artikkeltags