Startar kronerulling for Sørstrand

BER OM DRAHJELP: Espen Lothe og Marie Kronen Tverranger frå velforeninga på Nordalsmarka er klare til å engasjere innbyggarane i området kring Sørstrand, marknadsleiar Nina Hovland Liseth frå Sparebanken Sogn og Fjordane har med pengegåve på 50.000 kroner til sand og Magne Hovland har gjort grunnarbeid med å kviste, planlegge og tilrettelegge området.

BER OM DRAHJELP: Espen Lothe og Marie Kronen Tverranger frå velforeninga på Nordalsmarka er klare til å engasjere innbyggarane i området kring Sørstrand, marknadsleiar Nina Hovland Liseth frå Sparebanken Sogn og Fjordane har med pengegåve på 50.000 kroner til sand og Magne Hovland har gjort grunnarbeid med å kviste, planlegge og tilrettelegge området. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Aktørane bak å byggje familiebadestrand på Sørstrand jobbar no hardt på for å finansere rask framgang.

DEL

Så langt har Sparebanken Sogn og Fjordane løyvd 50.000 kroner, og for at første byggjesteg skal kunne realiserast, treng dei rundt 40.000 kroner til. Det vil dekkje grunnarbeid, betre tilkomstveg, ein fylling ut i sjøen, samt rundt 250 rutemeter med sandstrand.

Dei har no oppretta ein konto for folk som ønskjer å støtte prosjektet, og nummeret er 3705.15.87600. Det er rekna ut at ei bøtte sand kostar tre kroner og 50 øre, så då kan ein sjølv finne ut kor mange bøtter ein vil finansiere.

Meir informasjon om prosjektet finn du på heimesida deira.

Artikkeltags