Startar kronerulling for populær gangbru

Karin Helen Halle.

Karin Helen Halle. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Gangbrua ved Kystmuseet er stengt fordi pelemakk har angripe bærekonstruksjonane. No tek Karin Helen Halle affære for å få ordna brua.

DEL

Formelt sett er det Kystmuseet som har vedlikehaldet av brua, men det ser ut til å ta tid før brua blir ordna. Derfor kronerulling.

– Slik kan vi ikkje ha det. Denne gangvegen er del av er eit flott og mykje brukt turområde i Florø. Då tenker eg at det må vere utruleg mange som brukar å gå her, som gjerne vil bidra til å skaffe pengar til å reparere brua, seier Karin H. Halle, som er snart avtroppande NHO-direktør i Sogn og Fjordane. Ho vil gjerne gje den handsrekninga det er for lokalsamfunnet å administrere ei kronerulling til formålet.

Kystmuseet har stengt Keilevågbrua av tryggleiksomsyn. Dei leitar etter løysingar for å sikre brua innafor ein akseptabel kostnad. Avdelingsstyrar Berit Høivik fortel til Firdaposten at dei nettopp har fått eit tilbod frå Skanska.

– Eg ser ikkje bort frå at vi må tenke alternativt og ta det over lengre tid, seier ho på spørsmål frå Firdaposten.

Keilevågbrua vart sett opp i samband med opninga av museet i 1985. Det er ei trebru etter modell av den gamle vippebruaover Kanalen. I tillegg til å vere tilkomstveg til museet, har den i alle desse 26 åra også vore ein svært populær turveg for folk i byen.

– Det er synd å måtte stenge, men vi hadde ikkje noko val då det vart oppdaga at pålemakk hadde skadd brustøttene som står ned i sjøen, seier Høivik.

Karin Helen Halle startar kronerullinga med følgjande oppspel:?

Ho betalar kr. 100,- til Kontonr: 3775.20.56537, merka Bru til Brendøya.

Og utfordrar: Renate Haugland, Linda Sinclair Aukland, Siv Merethe Stadheim, Trine Hugaas og Greta Halvorsen.

n Firdaposten opprettar ei eiga Origosone- til kronerullinga, der folk kan melde inn og utfordre andre.

Artikkeltags