Standal Sanitetslag samla over hundre til basar

Standal Sanitetslag

Standal Sanitetslag Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Førre søndag arrangerte Standal sanitetslag basar med tenning av julegran i Standal skule.

Over hundre personar, både små og store, var samla til fest og moro i skulehuskjellaren. Festen byrja med to omgangar åresal og mange flotte gevinstar. Etterpå spanderte saniteten kaker, saft og kaffi på alle. Det var god stemning og praten gjekk lett rundt borda. Så var det tid for å tenne lysa i julegrana og vi gjekk rundt treet medan vi song julesongar i kor. Vi song «På låven sitter nissen» og like etterpå kom nissen, til stor glede for barna. Til slutt var det utlodding av loddbøker med mange fine premiar, m.a. to reiser til høvesvis Bergen og Hirtshals.

Saniteten uttrykte stor glede over at det kom så mykje folk. Mange av dei sa det var bra at folk samlast på tvers av generasjonar og bygdesamfunn.

Artikkeltags