Kinesisk pust i Standalen

Deltakarane med instruktør Nina Standal i midten (brun bukse og kremkvit skjorte) syner fram noko av det dei har lært på kurset.

Deltakarane med instruktør Nina Standal i midten (brun bukse og kremkvit skjorte) syner fram noko av det dei har lært på kurset. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Standal sanitetsforeining arrangerte Qi gong-kurs i helga.

DEL

Qi gong er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong tyder å praktisere eller arbeide med. Teknikkane er ein del av tradisjonell kinesisk medisin, og skal gjere kroppen betre i stand til å lækje seg sjølv.

- Det er første gongen denne 5000 år gamle treningsforma vert arrangert i Sunnfjord, fortel instruktør Nina Standal under Standal sanitetsforeining sitt kurs i Standal Skule i helga.

Nina har sidan 1983 drive aktivt med kinesisk qi-trening og koreansk kampsport i både Hordaland og Sogn og Fjordane, og har i mange år reist til Korea der ho lærte Qi gong av dei store meistrane.

Standal demonstrerte øvingane for dei frammøtte og hjelpte alle med riktig pust og posisjon av armar og bein.

- Vi kan eigentleg slå fast at alle former for trening er bra for oss, sa ein av deltakarane. Ein annan meinte at denne treningsforma når inn i muskelmasse som blir lite brukt til dagleg. Men Qi gong er ikkje berre teknikk: Deltakarane hugsar ulike ting frå kurset, som gjer at vi får ein heilskap og at vi kan gjere kvarandre gode, skriv sanitetsforeininga i ei pressemelding.

Kurset var ein så stor suksess i bygda, at dei no held eit kurs til 21. januar.

Artikkeltags