Gå til sidens hovedinnhold

Stal idrettslaget sin ved

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: Frekke tjuvar har forsynt seg av ein vedstabel som skulle seljast til inntekt for STIF si friidrettsgruppe.

– Eg håpar verkeleg den veden varma godt, seier Ingvald Ytrehus, leiar i gruppa.

Ingvald Ytrehus fekk donert veden frå smelteverket i Svelgen då dei dreiv med linjerydding for ei tid tilbake.

Som den eldsjela Ytrehus er, både som trenar og leiar i friidrettsgruppa, bestemte han seg for å selje delar av veden til inntekt for gruppa. Han kappa, kløyvde og stabla veden under ein plastpresenning.

– Eg lagra vedstabelen ved utkøyrsla til Sørdalsvatnet. Eg fekk kommentarar frå folk om at eg burde flytte den, så den ikkje skulle bli stolen, og jammen fekk dei rett. For eit par veker sidan oppdaga eg at halvparten av veden var vekk, seier Ytrehus.

Med augemål har han funne ut at det er akkurat passe ved vekke til å frakte i ein tilhengar.

– Ja, dei fekk vel ikkje plass til meir i tilhengaren. Og dei var kresne òg, dei tok ikkje den våte veden som låg ned mot marka. Men dei fekk med seg halvparten av den veden eg hadde, seier han.

Han er ikkje særleg sjokkert over tjuveriet.

– Slik samfunnsutviklinga har vore dei siste åra så er det ingen ting som forundrar meg lenger. Men ein får berre ta det med godt humør, og som sagt håpar eg at veden varma godt, smiler Ytrehus.