Forventar oppstart for Stad skipstunnel etter planen

F.v. Rolf Dombestein, Jon Georg Dale og Randi Paulsen Humborstad

F.v. Rolf Dombestein, Jon Georg Dale og Randi Paulsen Humborstad Foto:

SJØFART: Styringsramma i Nasjonal Transportplan (NTP) er sett til 2,876 milliardar kroner og Kystverket meiner dei skal halde budsjettet.

DEL

Kystverket har svart på bestillinga frå Samferdsledepartementet og fastheld at dei kan bygge Stad skipstunnel innanfor styringsramma som er avsett i NTP, prisjustert til 2018-kroner, heiter det i ei pressemelding frå Måløy Vekst.

Kystverket har gjennomført reduksjonar i prosjektet i høve det som kom fram i forprosjektet, kjem det fram i rapporten "Stad Skipstunnel. Vidareutvikling og prosjektoptimalisering". Her viser Kystverket også til at samfunnsnytten i prosjektet har auka med rundt ein milliard kroner, samanlikna med det som kom fram gjennom den eksterne kvalitetssikringa. Kystverket foreslår ein vidare framdriftsplan med byggestart i 2021, og opning i 2025. Styringsgruppa for prosjektet seier seg svært tilfredse med dette, seier dei i pressemeldinga.

Det var etter den eksterne kvalitetssikringa at Stad skipstunnel tilsynelatande hadde blitt ein milliard kroner dyrare enn det forprosjektet til Kystverket viste.

"Auken skuldast i hovudsak prisjustering frå 2016- til 2018-kroner, og at dei generelt hadde lagt på alle moglege tryggleiksmarginer og påslag i kostnadane. Byggherrekostnadane var også auka betrakteleg", skriv Måløy Vekst.

Dermed fekk Kystverket beskjed om å gå gjennom prosjektet med det for auge å få kostnadane ned til NTP-nivå.

"Prosjektet er "gryteklart" og vi forventar no at regjeringa vil følgje opp NTP, legge fram ei endeleg investeringsavgjerd for Stortinget, og bevilge oppstartsmidlar på neste års statsbudsjett", er den klare oppmodinga frå prosjektleiinga.

Artikkeltags