Fryktar ny stampesjø for skipstunnelen

FRYKTAR UTSETJING: Medan Ingrid Heggø og Ap har sett av millionar til planlegging av Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett, er det lite kroner å sjå i regjeringa sitt budsjettutkast. Det uroar stortingsrepresentanten.

FRYKTAR UTSETJING: Medan Ingrid Heggø og Ap har sett av millionar til planlegging av Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett, er det lite kroner å sjå i regjeringa sitt budsjettutkast. Det uroar stortingsrepresentanten. Foto:

FLORØ: – Det er fortvilande om den tverrpolitiske semja om å få bygt Stad skipstunnel no slår sprekkjer, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap). Hennar eige parti har lagt 30 millionar kroner inn i sitt alternative statsbudsjett for å få gjort ferdig planlegging av milliardprosjektet.

DEL

– Eg er oppriktig uroa over at regjeringa i sitt budsjettutkast no ikkje verkar å ville løyve dei pengane det kostar å få prosjektert og planlagt Stad skipstunnel. I verste fall vil dette føre til stogg i eit prosjekt som det no var nasjonal semje om å realisere, seier Heggø til Firdaposten.

Sikkerheit og konkurranse

Sjølv framheld ho fire viktige grunnar for å få bygt skipstunnelen:

– Det første er tryggleiken. Uavhengig av korvidt Hurtigruten prioriterer ned å bruke ein slik tunnel i framtida, så er det heva over ein kvar tvil at tunnelen vil gjere skipsfarten tryggare. Det andre er klimaperspektivet. Vi ønskjer meir godstransport flytta frå land til sjø – men då må sjøalternativet vere sikrare, seier Heggø.

Vågsøy fryktar for Stad Skipstunnel 

Ho trekkjer også fram at Stad skipstunnel vil stø opp under tankane om å knyte kystområda og industrien mellom Ålesund og Florø tettare til kvarandre, og opne opp for sikrare og meir pendling for innbyggjarane.

Har pengar i sitt alternative budsjett

– Det siste, men og viktige er at tunnelen vil fjerne eit konkurransevridande moment som fleire kystnæringar i dag slit med. Eit døme er oppdrettsnæringa, som i dag må ta omsyn til ver og vind når dei slaktar fisk og skal ha den ut i marknaden. Skipstunnelen vil gjere dei uavhengige av dette, slår Heggø fast.

– No har Arbeidarpartiet halde dei vi lova i den tverrpolitiske semja vi jobba fram rundt prosjektet, ved at vi har prosjekteringsmidlane inne i vårt budsjett. Så er det å håpe at regjeringa ikkje bryt den avtalen dei faktisk gjorde, seier Heggø.

Klart for bygging av Stad skipstunnel

Artikkeltags