Ap krev straks-millionar til Stad skipstunnel

VIKTIG: Ap vil i sitt alternative statsbudsjett nytte sju millionar kroner på den vidare planlegginga av Stad skipstunnel, slik at Kystverket sitt arbeid ikkje stoggar opp. Pengane bør gå til arbeid som utarbeiding av konkurransegrunnlag og arkeologiske undersøkingar, meiner Ap.

VIKTIG: Ap vil i sitt alternative statsbudsjett nytte sju millionar kroner på den vidare planlegginga av Stad skipstunnel, slik at Kystverket sitt arbeid ikkje stoggar opp. Pengane bør gå til arbeid som utarbeiding av konkurransegrunnlag og arkeologiske undersøkingar, meiner Ap. Foto:

Vil løyve sju millionar for å sikre framdrifta.

DEL

Arbeidarpartiet vil løyve 7 mill. kroner til Stad skipstunnel i sitt alternative statsbudsjett for 2020. Det seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta, og Ingrid Heggø frå Høyanger gjennom ei pressemelding.

– Skipstunnelen har vore grundig utgreia i ei årrekkje. Prosjektet er klart til oppstart, og vi er skuffa over at regjeringa ikkje har funne pengar i sitt budsjett, seier Ingrid Heggø.

Vil ha Stortinget med

– Det er avgjerande å unngå at Kystverket sitt arbeid med skipstunnelen stoppar opp. I tråd med innspela frå styringsgruppa for Stad skipstunnel foreslår vi derfor 7 mill. kroner til oppstart av arkeologiske utgravingar, kontrahering og utarbeiding av konkurransegrunnlag, seier Fredric Holen Bjørdal.

Han viser til at Kystverket på denne måten kan ferdigstille planarbeidet sitt og førebu byggestart i 2021. – Vi håpar på å få fleirtal i Stortinget for dette forslaget, seier Bjørdal.

Meir gods frå veg til sjø

Arbeidarpartiet viser til at det ligg eit stort potensial for framtidig verdiskaping og nye lønsame arbeidsplassar langs heile kysten. Frakt av gods langs kysten kjem til å auke, ikkje minst når det gjeld sjømat. Då er det avgjerande å prioritere opprusting av infrastrukturen langs kysten. Arbeidarpartiet prioriterer i sitt alternative statsbudsjett for 2020 å styrkje overføringa av gods frå veg til sjø.

– Stad skipstunnel er ein naturleg del av ei slik satsing. Skipstunnelen har også den viktige tilleggsfunksjonen at han vil knyte kysten saman, frå Bergen til Ålesund. Dette vil vere positivt for bedriftene, for reiselivet og for alle som bur og arbeider langs kysten, seier stortingsrepresentantane.



Artikkeltags