Sikra 20 millionar til oppstart av Stad skipstunnel

PENGAR PÅ BORDET: Budsjettforhandlingane har sikra 20 millionar til oppstart av Stad skipstunnel.

PENGAR PÅ BORDET: Budsjettforhandlingane har sikra 20 millionar til oppstart av Stad skipstunnel. Foto:

POLITIKK: I budsjettforhandlingane har KrF fått regjeringspartia til å legge pengar på bordet til oppstart av Stad skipstunnel

DEL

«Fleirtalet viser til at det er semje om å løyve 20 millionar kroner til å sikre vidare framdrift i prosjektesingen av Stad skipstunnel.»

Det skriv ordføraren i Selje, Stein Robert Olsen (KrF) i ein pressemelding tysdag kveld der han viser til at KrF i budsjettforhandlingane med regjeringspartia Venstre, Høgre og Frp har vorte samde om å løyve 20 millionar kroner til oppstart av Stad Skipstunnel.

«Eg er glad for at KrF tok den ballen og fekk igjennom ei god løysing med regjeringspartia i dag.» skriv Olsen, men understrekar at prosjektet med noregsrekord i utgreiingar på langt nær er i mål.

«Vi må sikre vidare framdrift på dette prosjektet. Vi håpar at det blir gjennomført i tråd med planane til Kystverket, med byggestart i 2021. Vi vil ikkje gje oss før det er hol i fjellet», avsluttar Selje-ordføraren.

Artikkeltags