Startar opp boring tvers gjennom Stadtlandet

Illustrasjon til porten til Stad skipstunnel på Kjødepoll-sida.

Illustrasjon til porten til Stad skipstunnel på Kjødepoll-sida. Foto:

STADLANDET: Dei aller første konkrete førebuingane til det som kan bli ein skipstunnel startar snart opp.

DEL

Til saman 1700 meter skal to boreriggar bore frå kvar si side, skriv Teknisk Ukeblad, men diameteren på holet blir berre 76 millimeter i diameter.

Det blir gjort som eit tiltak for å kvalitetssikre prisane på byggeprosessen. Det er firmaet Diamant Wire Teknikk som skal gjere jobben, og dei startar neste veke. For kvar tredje meter skal det takast kjerneprøver som vil gi Kystverket informasjon om bergkvaliteten dei vil støyte på.

Prosjektleiar Roger Søyland i Diamant Wire Teknikk seier det ikkjer er vanleg å bore gjennom heile tunnelprofilar når dei er så lange. Men prosjektleiar i Kystverket Terje Andreassen seier dei ønskjer ei slik boring fordi det vil gi dei presis informasjon om kvaliteten på fjellet.

– Det vil igjen gi entreprenørane eit betre grunnlag for å gi anbod i prosjektet.

Tunnelen er planlagd sprengd og driven som ein vanleg tunnel.

Artikkeltags