Vil ikkje sende Hurtigrute-skipa gjennom Stad skipstunnel

IKKJE FOR HURTIGRUTEN: Det er kun ulemper, ingen fordelar for Hurtigruten å sende skipa sine gjennom ein framtidig Stad skipstunnel, slår leiinga i Hurtigruten fast.

IKKJE FOR HURTIGRUTEN: Det er kun ulemper, ingen fordelar for Hurtigruten å sende skipa sine gjennom ein framtidig Stad skipstunnel, slår leiinga i Hurtigruten fast. Foto:

Av

FLORØ: Dyrare, farlegare og meir ureinande, er Hurtigruten sin dom over ein komande Stad skipstunnel. Og dei kjem ikkje til å bruke den.

DEL

Med  12.000 passeringar av Stad, og kun ei handfull gonger der veret har stogga dei, ser ikkje leiinga noko poeng i å sende Hurtigrute-skipa gjennom ein skipstunnel ved Stad. Det skriv E24.no.

No har Hurtigruten sendt brev til Samferdsledepartementet, Kystverket og prosjektorganisasjonen som jobbar med tunnelprosjektet og klargjort sitt syn.

– Målet med ein skipstunnel ved Stad er å redusere reisetid, ureining og redusere faren for ulukker. For vår del vil det føre til det stikk motsatte, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten, som likevel legg til at han ser føremoner med ein tunnel for andre maritime aktørar.

Artikkeltags