Gå til sidens hovedinnhold

Sprengingsarbeid stengde Rv 614

Artikkelen er over 12 år gammel

Den første salva i strossingsarbeidet i Haukåtunnelen skapte vanskar natt til tysdag.

Natt til tysdag gjekk første salva i arbeidet med å utvide Haukåtunnelen mellom Florø og Svelgen. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Det kom ned monaleg meir enn rekna med, og det danna seg fort ei lengre kø.

Paul-Ove Berle frå Bremanger sende melding heim til foreldra om at han var heime i halv eitt-tida, men ho vart tre-fire. Det tok han ikkje så tungt:

– Det er fjell og dynamitt dei arbeider med, det lyt ein ha forståing for, seier han i ein prat med Firdaposten.

– Dette var første salva, og fjellet er generelt nokså dårleg, så det vart ein alvorleg ryddejobb. Vi skal ha opp ein geolog i dag for å sjå på det, sa anleggsleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen på våre spørsmål.

– Kan ein vente lange periodar med stengd veg?

– Vi vonar å greie rydde på ein time eller mindre, men ein kan aldri vite sikkert på førehand korleis salvene går, seier Hovland.

Sprengingsarbeidet vil i hovudsak gå om natta, og kollektivtrafikken vil bli prioritert. Det kan bli litt som under utvidinga av riksveg 5 mellom Florø og Svarthumle. Arbeidet vil starte i eitt-tida på dagen, og som nemnt med sprenging frå i ellevetida om kvelden.

– Vi reknar med halvannan til to månaders arbeid. Tunnelen skal bli både høgare og breiare, vass- og frostsikker med skikkeleg lys, så det skal bli bra når vi er ferdige, seier anleggsleiaren.