Gå til sidens hovedinnhold

Sprek restart av spinning i Svelgen

Artikkelen er over 12 år gammel

– Den er heilt fantastisk. Slik beskriv instruktør Hilde Jensen Midtbø spinninginteressa i Svelgen.

Ho deler treningsansvaret med fire andre, og dei tilbyr sju treningsøkter av ulik lengd, fordelt på fire dagar i veka.

– Ja, treningane er opne for alle, kvinner som menn, og vi prøver å legge treningstidene til rette slik at dei skal passe inn for flest mogeleg, seier Hilde.

– Det som er så fint med spinning er at det er ei treningsform som alle kan vere med på, uansett alder og kva form vi er i. Vi kan sjølve regulere treninga, slik at den passar til vårt nivå, fortel Anne Turid Ljungren, som trenar spinning tre dagar i veka.

Sidan trimgruppa i Svelgen Turn og Idrettsforening starta opp med spinning i januar, har interessa berre auka månad for månad, og no etter sommarferien er det rundt 50 personar som trenar spinning fast ein eller fleire gonger i veka.