Sprek jonsokfeiring

Jonsokafta blir det volleyballturnering på den nye bana på Sørstrand. Her blir bana testa ut rette etter at skelsanden kom på plass.

Jonsokafta blir det volleyballturnering på den nye bana på Sørstrand. Her blir bana testa ut rette etter at skelsanden kom på plass. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Jonsokaftan vert ein aktivitetsfylt dag på Sørstrand Folkepark med volleyballturnering, leik og aktivitetar både for unge og vaksne.

DEL

Det heile skjer i god tid til hovudbålet på Rota.

– Vi har aktivitetar for dei fleste. Volleyballturneringa vert sett i gang klokka tre, og finalen skjer like før den offisielle opning klokka fem med Sparebanken Sogn og Fjordane. Barneaktivitetane byrjar allereie klokka to, og vi har fått med oss åtte arbeidsomme ungdommar som har regien, seier Nygård.

– Sankthansbålet tennast først klokka seks. I tillegg vil vi ha musikk på området frå klokka halv seks og utover, seier Nygård. Fredag sørga ti ungdommar for å byggje det fem meter høge jonsokbålet på under to timar.

Inngangsbetaling

– Nytt denne gongen er at vi må inngangspengar, høvesvis 20 kroner for vaksne, 10 for barn, og 50 for ein heile familie, seier Nygård. Inngangsprisen vil dekke kull til fellesgrillane, betaling til den åtte ungdommane, og anna nødvendig materiale.

–Nokon må ta med eingongsgrillar i tilfelle det ikkje vert nok. Vi har berekna til 1000 personar. Mat må folk ha med sjølv, seier han.

Brua utsett

– Vi er i gang med å støype fundamentet på STX, men det har teke litt lenger tid enn forventa. Vi ønskjer ikkje å forhaste prosessen. Brua vil først bli klar uti neste veke, seier Nygård.

Fullstendig program for dagen finn du på Kystpuls.

Artikkeltags