Fylket får dei grønaste kunstgrasbanene i landet

GRØNT SKIFTE: Frå venstre: Trond Teigene (adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Svein Olav Myklebust (dagleg leiar i fotballkretsen), Frank Tore Tveit (fylkeskommunen), Tore Dvergsdal (regionbanksjef i Sparebanken Vest).

GRØNT SKIFTE: Frå venstre: Trond Teigene (adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Svein Olav Myklebust (dagleg leiar i fotballkretsen), Frank Tore Tveit (fylkeskommunen), Tore Dvergsdal (regionbanksjef i Sparebanken Vest). Foto:

Landets mange kunstgrasbaner har vore mistenkt for å vere miljøverstingar den siste tida. Det skal det no bli slutt på.

DEL

Kunstgrasbanar med fyllmasse som renn ut i naturen har fått mange kritiske blikk mot seg den siste tida. Løysinga er å resirkulere fyllmassen, ved å installere filter i alle avløpskummar rundt banane. Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, NFF Sogn og Fjordane og fylkeskommunen vil no sikre at dette blir installert på alle banar som er eigd eller drivne av idrettslag i fylket. Slik vil Sogn og Fjordane kunne få dei grønaste kunstgrasbanane i landet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og NFF Sogn og Fjordane har gjort ei grundig kartlegging av behovet for kummar ute i klubbane. Bankane er med og spleisar på kostnaden med innkjøp av naudsynte filter. No er det opp til klubbane å gjere resten av arbeidet med å få på plass filtera.

Det er 53 kunstgrasbaneprosjekt i fylket vårt. 49 ferdige og fire prosjekterte. Alle saman er finansiert av enten Sparebanken Sogn og Fjordane, eller Sparebanken Vest. Ifølge Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane var det difor naturleg at dei to bankane også blei med på dette samarbeidsprosjektet for å sikre at dette miljøavtrykket frå kunstgrasbanane blir redusert til eit minimum. Trond Dvergsda i Sparebanken Vest strekar under at det er viktig at bankane følger opp tidlegare prosjekt, og tek eit samfunnsansvar inn mot miljøet og bruken av plast i kunstgrasbanane.

Norges Fotballforbund har tidlegare sagt at dei vil redusere utsleppet av gummigranulat frå kunstgrasbanar med 90 prosent. Den gongen sa banemeister Even Hamn at den einaste måten å få til det på er å slutte å brøyte bana om vinteren. Det er under snøbrøyting dei store mengdene av granulat forsvinn ut, om ein ikkje har innarbeidd gode rutinar for snødeponering og tilbakeføring av granulat til bana når snøen smeltar.

No blir det sendt ut informasjonsbrev til klubbane om kva dei må gjere for å få middel til sine filter.

Kan bli slutt på brøyting av bana

Artikkeltags