John Magne takla presset

GOD: John Magne Sørbotten har gjennomført eit svært godt landsskyttarstemne.

GOD: John Magne Sørbotten har gjennomført eit svært godt landsskyttarstemne. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

John Magne Sørbotten frå Florø Skytterlag har gjennomført eit svært bra Landsskyttarstemne.

DEL

FØRDE: John Magne Sørbotten er ein av fleire spennande ungdomsskyttarar i Florø skytterlag. John Magne takla presset og sine egne forventningar då det gjaldt som mest. Han skaut seg nemleg fram til to finalar.

-Det eg har vore med på dei siste dagane gjer så absolutt inspirasjon til å satse vidare. Eg har eigentleg ikkje vore i nærleiken av tilsvarande resultat i LSS som eg var i år. 24.-plassen på bane var klart karrierebeste for mitt vedkommande. Eg merka mot slutten av stemnet at eg begynte å bli mentalt sliten. Det var kjekt at eg klarte å mobilisere såpass bra som eg gjorde. Det handla om å nytte dei triksa og det eg har lært, sa Sørbotten.

Tenåringen var i oppkøyringa til Landsskyttarstemnet på skyttarcamp med gode skyttarar og Eileen Torp som er både skyttardronning og skyttarprinsesse. Ho kom med mange gode råd både når det gjeld avtrekk, pusteteknikk og det som handlar om mental trening. John Magne hadde dei bodskapa han fekk under skyttarcampen i Meråker i tankane då han gjorde seg klar i finalane. Sørbotten føler at det var til hjelp.

Braut barriere
Florøværingen braut på sett og vis ein barriere då han var med og kjempa om si aller første topp ti-plassering i Landsskyttarstemnet. Han låg på 13.-plass etter den innleiande baneskytinga og var i posisjon til å prestere. Det skulle vise seg at det blei vanskeleg å forsvare det gode utgangspunktet ettersom det var mange som skaut bra i finalen. Sørbotten var likevel tilfreds med det han gjorde. Han har denne sesongen fokusert mykje på avtrekk og knestillinga.

Sørbotten føler at det kanskje har gått litt utover skytinga på liggande. Men sett i eit langsiktig perspektiv så kjem nok 16-åringen til å komme styrka ut av dei vurderingane som han har gjort. Lysta til å satse på skyting har eigentleg aldri vore større enn nå. John Magne har allereie begynt å sjå fram til neste års Landsskyttarstemne som arrangerast i Stjørdal. Han har forhåpningar om å gjere det minst like bra der som han gjorde under årets LSS i nabobyen.

Neste år kjem den unge Florø-skyttaren til å høyre til den eldste årgangen i juniorklassa. Det er som oftast ein fordel. John Magne som har hatt ein så fin utviklingskurve, er innforstått med at det må gjerast ein treningsjobb for at han skal ha forhåpningar om å sikte høgare i Stjørdal og Nord-Trøndelag. Sørbotten er godt fornøgd med den oppfølginga han får i sitt eige lokale skyttarlag. Det er primært der han har lagt grunnlaget for den fine utviklinga.

Artikkeltags