Amedia skal sende topp-handball

AMEDIA BLIR STORE PÅ HANDBALL: Ein fersk avtale mellom handballforbundet og Amedia sikrar at abonnentar på aviser som Firdaposten kan sjå topphandball gjennom abonnementa sine på lokalavisa.
Her frå første finalekamp i i EHF-cupen, i handball for damer mellom Vipers Kristiansand og SCM Craiova fra Romania i mai i år.

AMEDIA BLIR STORE PÅ HANDBALL: Ein fersk avtale mellom handballforbundet og Amedia sikrar at abonnentar på aviser som Firdaposten kan sjå topphandball gjennom abonnementa sine på lokalavisa. Her frå første finalekamp i i EHF-cupen, i handball for damer mellom Vipers Kristiansand og SCM Craiova fra Romania i mai i år. Foto:

Av

Amedia sine aviser og mediehus, inkludert Firdaposten, har sikra seg retten til å vise kampar frå øvste nivå i handball for kvinner og menn, samt kampar nedover i divisjonane.

DEL

SPORT: Avtalen mellom Amedia, Norges Håndballforbund og Norsk Topphåndball blei offentliggjort tysdag.

Generalsekretær Erik Langerud i Norges Håndballforbund seier i ei pressemelding at avtalen med mediekonsernet Amedia er viktig for norsk handball.

– Dette er ein stor dag. Med Amedia på laget vil vi auke både merksemda og engasjementet gjennom brei distribusjon i landets lokalaviser. Samtidig vil Nettavisen bidra til riksdekkjande merksemd. Amedia er ein perfekt partner, og vil i endå større grad auke interessa for norsk handball med eit lokalt preg, seier Langerud.

Amedias aviser og mediehus skal overføre minst 260 kampar frå øvste nivå, samt produsere og sende ei rekkje kamper frå 1. og 2. divisjon handball.

Amedias konsernsjef Are Stokstad er glad for avtalen.

– Avtalen betyr at våre medier no blir sentrale møteplassar for handballinteresserte nordmenn, og at handballklubbene får meir merksemd, seier han.

Avtalen med Norges Håndballforbund har en varighet på fire år.

Artikkeltags