To NM-medaljar til Florø-løparane på Bislet

Sølv og femteplass: Ben Jeffrey Benert har bite godt frå seg under ungdoms-NM på Bislet denne helga.

Sølv og femteplass: Ben Jeffrey Benert har bite godt frå seg under ungdoms-NM på Bislet denne helga. Foto:

Av

Med sølv til Ben Jeffrey Benert og bronse til Lasse Angelshaug på 200 meter, blei det ein stor NM-dag for Florø T&IF søndag. - Dette kom uventa, seier Ben - som knapt trudde på finaleplass.

DEL

Ben Jeffrey Benert (17) tråkka til for fullt på søndagens 200 meter på Bislet, og sikra seg sølvmedalje på 200 meter for U20-løparar. Han låg godt an etter gårsdagens kvalifiseringar, der han vann heatet sitt i semfinalen.

Det smakte truleg godt, etter å ta vore 14 hundredelar frå medalje på 100 meter dagen før.

Hadde ikkje heilt trua

- Eg sleit på 100 meter i går. Eg har ein del løp i beina no, og eg sprang faktisk med gangsperr i beina, så slik sett var det ikkje så gale, seier 17-åringen på telefon frå Bislet.

Og sjølv om han reknar seg som betre på 200 enn 100, var ikkje trua heilt på plass i dag.

- Eg trudde faktisk ikkje eg skulle ta meg til finale. Men når resultatet då til slutt blir sølv og personleg rekord, kan eg ikkje klage, seier ein svært glad sprinter, som vann semifinaleheatet sitt.

No spår han at med litt kvile, så vil han springe endå raskare i løpa som gjenstår av utandørssesongen.

- Dette har vore eit utruleg bra år. Eigentleg burde denne sesongen berre halde fram, og ikkje ta slutt, ler sølvvinnaren.

Bronse til Lasse i U23

Og som ikkje det var nok: I klassen U23 klinka Lasse Angelshaug til med bronse i klasse U23.

Ben Jeffrey var 14 hundredelar frå medalje laurdag, ny sjanse i dag 

Begge løparane sette nye personlege rekordar i medaljeløpa sine, med 22.29 på Ben Jeffrey og 22.12 på Lasse.

Artikkeltags