Snart skal det springast maraton i Eikefjord for tredje gong

TIL START OM EI VEKES TID: Her ser du deltakarane på maratondistansen i fjorårets utgåve av Eikefjord Maraton, der vinnar blei Helge Hafsås (t.h.) frå Olden IL. I år blir det også deltakarar i kvinneklassa.

TIL START OM EI VEKES TID: Her ser du deltakarane på maratondistansen i fjorårets utgåve av Eikefjord Maraton, der vinnar blei Helge Hafsås (t.h.) frå Olden IL. I år blir det også deltakarar i kvinneklassa. Foto:

Av

EIKEFJORD: 8. september er datoen for årets Eikefjord Maraton - som også byr på utfordringar for dei som ikkje har tenkt seg fullt så langt.

DEL

Lesarbrev
Eikefjord Maraton blir arrangert for tredje gang på Storebru laurdag 8. september. Løpet inngår i årets utgåve av INC Eikefjord Løpskarusell.

- Dette er det fjerde av fem løp i årets løpskarusell, der deltaking i tre av fem løp kvalifiserer til karusellpremie for 2018, fortel  Jan Grov i ei pressemelding.

Godt utval av distansar

Men du treng ikkje springe 42.195 meter for å snøre på deg løpeskoa dene laurdag. Arrangørane tilbyr også halvmarton, ei ti kilometersløype, fem kilometer og to kilometers barneløp og mosjonsløp utan tidtaking.

- Løypa vår på Storebru er kontrollmålt og rask, og fleire utøvarar har sett personleg rekord i traséen, reklamerer Grov, som faktisk har håp om at det kan bli sett kvinnerekord på den lengste distansen denne gongen.

Endeleg ei dame


- For første gang i Eikefjord Maraton er det påmeldt ei kvinne på fulldistansen, noko som betyr at Eikefjord IL Friidrett endeleg ligg an til å få notert ein løyperekord også for damene på denne lange og krevjande distansen, seier Grov.

Det er Liv Jegteberg Lystad fra SK Vidar som tar turen vestover.

- Viss nokre lokale jenter også tar utfordringa og spring heilmaraton, så hadde det  vore veldig kjekt - også for Lystad, trur Jan Grov.

Tek Hafsås sin tredje?


Elles er milslukaren Helge Hafsås venta til start, og 52-åringen er dermed favoritt til å innkassere sin tredje av tre mogleg sigrar i dette løpet. På  resten av distansane er det så langt ingen klare favorittar, så her vil det truleg bli ei jamn kniving om sigeren.

Starten på heilmaratonløpet går klokka 11.

Du kan hente meir informasjon om løpet hjå INC Eikefjord Løpskarusell på nettsida www.eikefjord-lopskarusell.no


 

Artikkeltags