No skal Terje Rognsø styre Sogndal-skuta

NY SOGNDAL-SJEF: Terje Rognsø

NY SOGNDAL-SJEF: Terje Rognsø

Av

FLORØ: Terje Rognsø blei ikkje lenge arbeidsledig.

DEL

Terje Rognsø er tilsett som Sogndal Fotball sin nye daglege leiar, skriv Sogn Avis.

Nyheita blei presentert på ein pressekonferanse i Sogndal i dag, onsdag, berre tre dagar etter at Rognsø blei takka av på Florø stadion, etter eit to år langt OBOS-eventyr for dei blåkledde.

- Vårt fokus har vert å få inn ein dagleg leiar som kan vidareutvikle kjerneproduktet vårt og dei visjonar og målsetningar klubben har. I Terje har vi funne det, seier styreleiar Tor Arne Ness til Sogndal sine heimesider.

Terje Rognsø, har i tillegg til lang fotballerfaring, ei karriere som gründer og bedriftsleiar.

- Sogndal sin historie saman med dei tøffe målsetjingane klubben har for framtida trigga meg, seier den nye daglege leiaren.

Rognsø tek til i den nye jobben 1. januar. Sidan juni har Hilde Østbø vore konstituert som dagleg leiar. Ho vil no gå inn i ei sentral stilling i klubben.

Tårevåt avskjed: – Dette var rørande 

Firdaposten kjem tilbake med meir om saka.

Artikkeltags