Andrine (16) frå Eikefjord har signert for Kaupanger

NYE EVENTYR: Andrine Olsen Endestad skal score mål for Kaupanger heretter.

NYE EVENTYR: Andrine Olsen Endestad skal score mål for Kaupanger heretter. Foto:

FOTBALL: Etter å ha bøtta inn mål for Tambarskjelvar i år blir Andrine Olsen Endestad henta til Kaupanger IL

DEL

Andrine Olsen Endestad er suveren toppscorar i J15/17 avdeling 2 i vår. For Tambarskjelvar har ho har scora tre gonger så mange mål som nummer to på lista. Totalt har det blitt 18 mål på berre 5 kampar. No har ho signert for førstedivisjonslaget Kaupanger, og denne veka debuterte ho for J19-laget deira i cupkamp mot Arna-Bjørnar.

Firdaposten sine lesarar blei først kjend med Endestad då ho og Kristin Torsvik Myrvollen var med Førde til Norway Cup i 2017. Det enda med finale i B-sluttspelet, og den vann dei 1–0 over Surnadal. Same året herja Eikefjord-jentene i serien. No er Endestad ferdig med barneskulen, og er klar for å kjempe seg inn på damelaget til Kaupanger.

På si Facebook-side skriv Kaupanger at Andrine spelar spiss, er stor og sterk, og ein fantastisk avsluttar. Ho har bøtta inn mål i alle klubbar ho har spelt. Håpet er sjølvsagt at ho held fram med det i Kaupanger.

I debuten mot Arna-Bjørnar enda det med tap i straffekonkurranse, etter at det sto 2–2 etter ordinær tid. Endestad tok straffespark, og scora, men kom ikkje på scoringslista i sjølve kampen. Det gjorde derimot Florø-jenta Martine Humlestøl Midtbø som endeleg er på veg tilbake til toppforma etter at ho rauk korsband og menisk tilbake i 2017.

Samtidig med at Kaupanger hentar Endestad har dei også signert Kristine Hovland frå Vik.

Artikkeltags