Spontankonsert i Heimen

Artikkelen er over 11 år gammel

BREMANGER: Laurdag ettermiddag stiller Trond Strand og bergensbandet Push opp til spontan konsert i Heimen i Bremanger.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Sangaren Trond Strand og bandet var i kommunen denne helga likevel og tok oppfordringa om ein konsert i Heimen på strak arm. Då kjem det ærverdige losjehuset i ytre Bremanger sikkert til å få rista seg litt. Det blir rock'n roll, hip hop, litt reggae, ska og jazz- alt blanda saman til eit forlokkande rytmisk musikkbrygg. Dette er musikk som lokkar fram dei gode vibrasjonane og sommarkjensla.

– Det blir spennande å spele ein konsert. Vanlegvis spelar vi på klubbar og utestader, men det blir artig å sjå korleis vi fungerer som reint konsertorkester. Vi skal ha skrive-låt-workshop med alle ungdomskule-elevane i Bremanger fredag og blei utfordra av musikkrektor Norvall Klungresæter om å spele konsert også, fortel Trond Strand.

Push har ei litt roleg periode bak seg no, men får ein aktiv festivalsommar med oppdrag mellom anna på Sildajazz og Rockweekend i sommar. Les om bandet på www.pushplay.no

Artikkeltags