Spleiser på nytt hjarte til Haffen

PLANLEGGING: Få dagar etter avisoppslaget var planlegginga i gang på Haffen. F.v. banksjef Bjørn Erik Kringstad, Svein Steinhovden i Florø Byggservice, Tone Øren i Florø Rør og ungdomsleiar Inger Fuglesang.

PLANLEGGING: Få dagar etter avisoppslaget var planlegginga i gang på Haffen. F.v. banksjef Bjørn Erik Kringstad, Svein Steinhovden i Florø Byggservice, Tone Øren i Florø Rør og ungdomsleiar Inger Fuglesang. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Få dagar etter at Firdaposten skreiv om ungdomshuset Haffen som er jakt etter nytt kjøkken, var eit spleiselag på plass.

DEL

– Sparebanken Vest med gode hjelparar vil gje nytt hjarte til Haffen, seier banksjef Bjørn Erik Kringstad i Sparebanken Vest i Florø.

Få dagar etter at Firdaposten skreiv om jakta på nytt kjøkken til ungdomshuset, var eit spleiselag på plass.

Banksjef Kringstad heiv seg på telefonen og fekk med seg ei rekkje samarbeidspartnarar. Nokre vil stille med praktisk arbeid, nokre med pengar og nokre med konkrete interiørvarer/innreiing.

– Det var bare positive reaksjonar, og alle sa ja med ein gong, skryter Kringstad.

Imponert

– Vi har fått med oss Byggservice, Rørleggerservice, Florø Interiør, Fokus Elektro og Vest Elektro Handel. Til saman vil dette laget av gode hjelparar sørge for at Haffen får ønsket om nytt kjøkken oppfylt vederlagsfritt, fortel Kringstad.

I tillegg til desse har Tone Øren hos Florø Rør sjølv teke kontakt med Haffen og tilbydd sine tenester.

– Vi er alle imponert over den frivillige innsatsen som vert lagt ned i Haffen, der ungdom får gode utviklingsmoglegheiter gjennom tillit og ansvar. Haffen gir ungdom eit meiningsfullt tilbod, seier Kringstad.

Sparebanken Vest vil gjerne ha med seg enda fleire gode hjelparar, og har oppretta ein konto der private og firma kan sette inn pengar om dei ønskjer å støtte kjøkkeninvesteringa. Kontonr. er 3790.14.53633.

– Vi håper fleire vil vere med, og at også den politiske leiinga vil støtte Haffen med auka løyvingar, seier han.

På omvising

Denne veka var representantar for alle i spleiselaget på møte på Haffen, for å treffast og få omvising på ungdomshuset. Ungdomsarbeidar Marie Kronen Tveranger og ungdomsleiar Inger Fuglesang var overlykkelege over dei gode nyheitene.

– Tusen, tusen takk, dette er heilt fantastisk! Eg har lyst til å kysse dykk alle saman, sa ein smilande Fuglesang til gjestene.

Neste steg i prosessen no er å lage ein plan for oppussinga.

I første omgang skal Tone Øren sette seg ned saman med ungdommar og tilsette frå Haffen og få laga ei skisse over nytt kjøkken.

Deretter skal alle samarbeidspartnarane møtast for å lage kostnadsoverslag og fordele oppgåver.

– No kjem ungdommane tungt inn, og skal vere med på planlegginga av det nye kjøkkenet, forsikrar ungdomsleiar Fuglesang.

Artikkeltags