Desse to er nest best i landet på nøgde bankkundar

NØGDE: Linda Vøllestad Westbye (direktør privatmarknad) og Trond Teigene (administrerande direktør) er glade over at Sparebanken Sogn og Fjordane tronar øvst av sparebankane på nøgde kundar.

NØGDE: Linda Vøllestad Westbye (direktør privatmarknad) og Trond Teigene (administrerande direktør) er glade over at Sparebanken Sogn og Fjordane tronar øvst av sparebankane på nøgde kundar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Berre Sbanken har fleire nøgde kundar.

DEL

– Dette resultatet gjer meg så utruleg stolt! seier Linda Vøllestad Westbye, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding mådnag føremiddag.

For heilt ferske resultat frå EPSI si årlege bankundersøking viser at Sparebanken Sogn og Fjordane tronar aller øvst av alle sparebankane i landet på nøgde kundar og lojalitet. Om ein tek alle bankar samla er det berre Sbanken som slår Sparebanken Sogn og Fjordane på desse punkta, ifølge undersøkinga.

– Det er første gong vi er med i denne undersøkinga, og at vi oppnår dette resultatet er heilt fantastisk. For meg seier det mykje om kva slags bank vi er, og ikkje minst seier det mykje om våre engasjerte tilsette, seier Vøllestad Westbye.

– Skal fortsette

– Vi er audmjuke for tilbakemeldinga. Dette skal vi ta med oss vidare og fortsette med å jobbe hardt kvar dag for kundane våre, seier Vøllestad Westbye og held fram:

– Undersøkinga viser også at det vi trur på, samspelet mellom dyktige rådgjevarar og gode digitale løysingar, som vår eigenutvikla mobilbank, og at vi gjev tilbake overskotet til lokalsamfunnet betyr noko for samfunnet, seier Vøllestad Westbye.

Her viser ho til at Sparebanken Sogn og Fjordane ligg på 1.-plass av sparebankane når det kjem til spørsmålet om kunden får ønska oppfølging, og relasjonen mellom bank og kundane. Øvst ligg SSF også når det gjeld bidrag til lokalsamfunnet og tillit.

Om ein ser på mobilbanken ligg SSF her på 3.-plass, medan plasseringa er eitt hakk høgare når det gjeld nytenking og innovasjon.

Administrerande direktør Trond Teigene seier han er veldig glad for at kundane gir ei så tydeleg og god tilbakemelding.

– Vi er stolte over dette, og dette er eit resultat av veldig lang og målretta arbeid for å få betre kundeopplevingar i alle våre kanalar, seier Teigene.

Mange misnøgde

Men undersøkinga viser også at kvar fjerde kunde er misnøgde med banken sin. For sjølv om snittkunden er passe nøgd med banken sin, er det store variasjonar i opplevinga. Kvar fjerde privatkunde, eller kring 1 million personar er meir eller midnre misnøgde med banken sin. Det skriv EPSI i si pressemelding.

– Dersom bankbransjen skal få eit skikkeleg løft når det gjeld nøgde kundar må fokuset i større grad ligge på å skape relasjonar og ikke berre funksjonar. Innovative bankløysingar er vel og bra, men det må komme på toppen av god kundebehandling, og ikke på kostnad av det, seier Fredrik Høst.

Dei fleste kundene opplever at bankane tilbyr gode bankprodukt, men det er på dei meir menneskelege faktorane, kundeservice og oppfølging der ei rekke bankar bør bli betre.

Om bankane ikkje lykkast med å bygge desse kunderelasjonane, så blir det pris og vilkår det blir konkurrert på. Studien viser at så mange som 43 prosent av dei spurde er heilt likegyldige med tanke på kva bank dei nyttar, berre vilkåra er gode.

Norstat Norge gjennomførte undersøkinga på vegner av EPSI 2543 godkjende intervju. Det er desse intervjua som dannar grunnlaget for undersøkinga. Målgruppa er privatkundar mellom 16 og 79 år, og intervjua vart gjort mellom 7. august og 17. september.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken